Lånereglar

Lånereglar for Dovre folkebibliotek

*Alle har rett til å låne på biblioteket

*Det er gratis å bruke biblioteket

*Som lånar blir du registrert men namn, adresse, fødselsdato og kontaktinformasjon, og får lånekort. Oppgjev du fødselsnummer, kan du også få nasjonalt lånekort. Dette kan nyttast i heile landet, og ein blir registrert i eit nasjonalt låneregister.  

*Er du under 15 år må du ha underskrift frå føresette

*Ynskjer du å låne noko som er utlånt, kan vi skrive deg på venteliste. Du vil få melding når materialet kan hentast

*Materiale som ikkje finst i biblioteket, kan lånast inn frå andre bibliotek

*Nasjonalt lånekort gjev tilgang til digitale tenester som Biblioteksøk, BookBites og Filmbib

*Lånetid

-Bøker og lydbøker    4 veker

-Film                                1 veke

-Tidsskrift                      2 veker

*Du kan forlenge lånetida, reservere og bestille ved å ringe eller kome innom biblioteket, eller ved å logge på  biblioteket si nettside med lånernummer og pinkode.

*Dersom lån ikkje vert levert til rett tid:

-Biblioteket sender 2 påminningar på sms.

-3. påminning går som brev, med gebyr på kr. 100,- til lånarar over 15 år. 

-Deretter erstatningskrav etter biblioteket sine satsar.