Arbeid med ny læreplan

Frå skulestart i august 2020 startar 8. og 9.trinn med ny læreplan. Lærarane ved Dovre ungdomsskole er allereie i godt i gang med å implementere den nye læreplanen. 

Den nye læreplanen inneheld mange nye moment, og arbeidet med å implementere denne er ikkje gjort over natta. I samarbeid med Berit Dahl ved Høgskolen i Innlandet, arbeider nå Dovre ungdomsskole med å integrere den nye planen i fag.

 

Dybdelæring og ny timeplan

I den nye læreplanen er det blant anna fokus på dybdelæring, som i praksis betyr at elevane i større grad skal fordype seg i ulike emne. Dette speglar timeplanen som no har fleire dobbeltøkter. 

Tre grunnpilarer i den nye læreplanen

I den nye læreplanen er det stort fokus på tre grunnpilarer; Demokrati og medborgarskap, livsmestring og bærekraftig utvikling. Dovre ungdomsskole arbeider i øyeblikket med å integrere desse på tvers av fag. Tanken er at elevane skal jobbe med fleire fag innanfor desse pilarene. Det er dette vi kallar tverrfagleg undervisning. 

Læringsaksjon blant lærarane

Ved Dovre ungdomsskole ynskjer vi å ta ut element frå læreplanen og bruke dei i praksis. Dette kallar vi ein læringsaksjon. No i haust skal vi arbeide med "den aktive eleven", der vi testar ut ulike undervisningsmetoder for å skape aktive og nysgjerrige elevar. I dette skal det ligge eit fokus på både praktiske og teoretiske oppgåver med utgangspunkt i elevane sine interesser, ferdigheiter og kunnskap.