Dovre ungdomsskole

Dovre ungdomsskole er sentralskole for elevane på ungdomstrinnet i Dovre kommune.

 

Skulen

Dovre ungdomsskole ligg fritt og fint til, litt opp og vest for Dombås sentrum. Han vart bygd i 1969, men er ombygd  i fleire omgangar.

Bygningsmassen rommer også Kulturskolen i Lesja og Dovre og Nord-Gudbrandsdal Vidaregåande Skule avdeling Dombås . Dovre svømmehall og Dombås samfunnshus er også bygd i tilknytning til undervisningsbygget.

 

Dovre ungdomsskole framstår moderne med bibliotek, auditorium og ei flott elevkantine. Skulen har eit stort og fint uteområde med ballbinge, skatebane, sykkelcrossbane og musikkbinge. I nærområdet til skolen ligg fotballbane, alpinbakke og skiskyttararena. Skulen har også rike moglegheiter for orientering og turar i skog og mark.

 

Satsingsområde

På Dovre ungdomsskole har vi Dovremodellen som du kan lese meir om i menyen. Dette betyr i praksis større lærartettheit, og eit stort fokus på at alle elevane skal følgjast opp både sosialt og fagleg i klasserommet. 

Skulen har ei stadig aukande satsing på digital kompetanse, og nyttar Teams og andre applikasjonar i Microsoft sin portefølgje i det daglege læringsarbeidet.

 

Skulen er godt i gang med å integrere den nye læreplanen. Du kan lese meir om dette arbeidet under "Nyheiter."

 

Skulen samarbeider ellers med Dombås Fjellskole, Røde Kors, primærnæringane og andre lag og organisasjonar i kommunen.

Vår visjon for elevane

Dovre ungdomsskole har som mål å gi best mogleg tilpassa opplæring for kvar enkelt elev i fellesskap med andre. Ein vil leggje vekt på fagleg, sosial og personleg utvikling - der alle kan nå sine mål. På skulen vår føler elevane nærheit til lærarane sine og dei tilsette legg vekt på at alle elevar skal kjenne seg heime og vere trygge.

 

Kontakt

Sissel Elvestad Øwre
Rektor Dovre ungdomsskole
Mobil 959 25 839

Adresse

Lars Moens veg 5, 2660 Dombås

Telefon: 61 24 22 50

E-post: dovre.ungdomsskole@dovre.kommune.no