Permisjonsreglement

Dokumentasjon av fråvær og søknad om permisjon – Dovre kommune

Elevane har møteplikt til alle timar på alle årstrinn. Difor må foreldra søkje permisjon dersom barnet skal vera borte av andre grunnar enn sjukdom.

Søknadsrutine for permisjonssøknader:

-fråvær grunna sjukdom meldast på appen min skole føresett.

-anna kortvarig fråvær skal meldast på appen. Dette gjeld for eksempel tannlege, kjeveortoped, gravferd o.l.

-søknad om andre permisjonar: https://foresatt.visma.no/dovre

§ 2-11.Permisjon frå den pliktige opplæringa

Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker.

Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere borte frå skolen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag. Det er eit vilkår for retten at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute.

 

Ved behandling av søknaden skal desse momenta leggjast til grunn for å vurdere om søknaden er forsvarleg:

  1. Barnets beste

Barnets beste skal ligge til grunn for behandlinga av permisjonssøknaden, og elevens synspunkt vil vera eit av momenta i saka. Det å ivareta barnets rett og plikt til opplæring er eit grunnleggjande utgangspunkt for barnets beste etter barnekonvensjonens artikkel 3, dersom det ikkje er andre særleg vektige grunnar.

 

  1. Tidsrom for permisjonen

Ein kan maksimalt innvilge permisjon i inntil to veker, jf. opplæringslova § 2-11. Skolen kan kreve at nødvendig dokumentasjon blir lagt fram på søknadstidspunktet.

 

  1. Tidsrom det ikkje skal innvilgast permisjon

Ein skal ikkje innvilge permisjon i perioder med førebuing til og gjennomføring av: 

  • Statlege kartleggingsprøver 
  • Nasjonale prøver
  • Tentamener og fagdagar, munnleg og skriftleg
  • Eksamen, munnleg og skriftleg

Det skal heller ikkje innvilgas permisjon første skoleveke i samband med skolestart. Dette gjeld på alle klassetrinn. 

 

4.  Individuell vurdering av om det er forsvarleg å innvilge permisjon

Dersom det er aktuelt å innvilge søknaden etter reglane over, må skolen ta stilling til om det er forsvarleg at den aktuelle eleven får permisjon, jf. opplæringsloven § 2-11. Det som er forsvarlig for ein elev, kan vera uforsvarlig for ein annen. Relevante moment er: 

  • Eleven si faglege utvikling 
  • Skolens undervisningsopplegg i permisjonstida 
  • Elevens sitt fråvær

 

Eleven har ikkje rett på permisjon. Den som behandlar søknaden bestemmer om det er forsvarleg for eleven å vera borte, ut frå opplæringa eleven totalt sett får. Dersom skolen kjem til at det ikkje er forsvarleg å innvilge permisjon for den aktuelle eleven, skal søknaden ikkje innvilgast. Eleven har ikkje rett til å få erstatta tapt opplæring.

Føresette plikter å søke permisjon i god tid slik at det er mogleg for kontaktlærar/rektor å behandle søknaden.

Permisjonssøknaden behandlast av kontaktlærar dersom permisjonen er inntil 2 dagar. Søknad om permisjon som overstig 2 dagar skal behandlast av rektor. Det må då fattast eit enkeltvedtak, og reglar for enkeltvedtak må følgjast. Statsforvaltaren er klageinstans.