Restavfallet er det som blir att når du har sortert ut matavfall og rein plast. Er du usikker på om noko kan bli sortert, sjekk på sortere.no om du kan kjeldesortere det du vil kaste. Det som er for stort til å kaste i restavfall heime, leverer du til miljøstasjonen.
Det er opp til deg om du vil bruke posar eller ikkje, og kva slags posar du bruker. Det kan vera lurt å bruke ei form for avfallsposar så du slepp å spyle dunken for ofte. Det er ikkje lagt opp til at NGR deler ut posar. Du kan bruke dei allereie utdelte NGR-sekkane, så lenge desse plasserast i dunken, og ikkje er fullare enn at dunkane lett kan tømmast maskinelt. Kontakt NGR på 99 10 20 00 om du lurer på meir.
Typiske ting du sorterer som restavfall
Støvsugarposar, bleier, bind, sugerøyr, q-tips, tyggegummi, snus, blandingsemballasje, tilgrisa emballasje
Typiske ting du ikkje sorterer som restavfall
Småelektronikk, måling, syltetøyglas, sprayboks, brukbare klede, småbatteri, matemballasje