Utlånsreglar for Dovre folkebibliotek
*Alle har rett til å låne på biblioteket
*Det er gratis å bruke biblioteket
*Som lånar får du lånekort. Nasjonalt lånekort kan brukast i heile landet
*Er du under 15 år må du ha underskrift frå foresette
*Det meste av det som finst i biblioteket kan lånast heim
*Ynskjer du å låne noko som er utlånt, kan vi skrive deg på venteliste. Du vil få melding når boka kan hentast
*Bøker, artiklar m.m. som ikkje finst i biblioteket, kan lånast inn frå andre bibliotek
Lånetid
*Bøker og lydbøker 4 veker
*Film 1 veke
*Tidsskrift 2 veker
*Språkkurs 6 veker
Du kan forlenge lånetida
*ved å ta kontakt med biblioteket
*ved å logge inn på biblioteket si nettside med lånenummeret ditt: http://websok.mikromarc.no/dovre-fb
Dersom lån ikkje vert levert til rett tid
*Biblioteket sender påminning
*3. varsel: 100,- i gebyr.
*Deretter erstatningskrav etter biblioteket sine satsar.