Vaksinasjon

Alle over 80 år kan få ei ny oppfriskingsdose, dersom du sjølv ynsker det.

Personar med alvorleg svekka immunforsvar er tilrådd tre vaksinedoser i grunnvaksinasjonen sin og ei fjerde oppfriskingsdose.

Helsemyndigheitene tilrår alle mellom 18 og 64 år med ein underliggande helsetilstand, å ta ei tredje oppfriskingsdose med koronavaksine.

Helsemyndigheitene tilrår alle over 65 år å ta ei tredje oppfriskingsdose med koronavaksine.

Helsemyndigheitene tilrår alle over 45 år å ta ei tredje oppfriskingsdose med koronavaksine.

Alle i aldersgruppa 18-44 år kan ta ei tredje oppfriskingsdose, dersom du sjølv ynskjer det. 

Frå og med 14. januar 2022 er dette regjeringa og Folkehelseinstituttet sine råd. 

Har du ikkje fått fyrste eller andre dose, ring Dovre legekontor eller Dovre helsestasjon så får du time innan kort tid.

 

Her finn du status for Dovre kvar veke.