Ungdomskontakt - Vikariat 60% frå 10.08.26 – 17.05.27

Vil du arbeide med ungdom? Brenn du for at unge skal bli høyrd og ha eit rikt tilbod? 

Vi er i gang med eit spennande krafttak for ungdomen vår, og vi treng ein engasjert og motivert ungdomskontakt.  Å involvere ungdom og skape gode møteplassar blir ein viktig del av arbeidet. Her vil du saman med prosjektleiaren for Fritidsklubbløftet vera med å bygge opp ein ny kommunal fritidsklubb. 

Arbeidsoppgåver 

  • Møte ungdom på deira arenaer
  • Jobbe på fritidsklubben
  • Hjelpe ungdom med å sette ideane deira ut i livet 
  • Spreie informasjon og skape aktivitetstilbod for ungdom 
  • Samarbeide med andre som arbeider med ungdom i kommunen 
  • Vera sekretær for ungdomsrådet
  • Radikaliseringskontakt

Må rekne med noko kvelds- og helgearbeid 

Ynskte kvalifikasjonar 

  • Relevant 3-årig høgskuleutdanning innan fagområde knytt til ungdomsarbeid. Arbeidserfaring og personleg eigenskapar kan kompensere for manglande utdanning. 
  • Erfaring med ungdomsarbeid

Personlege eigenskapar 

  • Du likar å vere saman med ungdom 
  • Du er trygg og tydeleg, open og lyttande 
  • Du er engasjert, positiv, løysningsorientert og ansvarsbevisst 
  • Du kommuniserer godt 
  • Du er strukturert og god til å samarbeide i team

Vi vil legge stor vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr 

  • Ein gjevande jobb som vil gjera det enda betre å vera ung i Dovre 
  • Samarbeid på tvers med trivelege kollegaer 
  • Løn etter avtale 
  • Pensjonsordning i KLP

Det vil vera krav om godkjent politiattest.

 

Noko for deg? Vi ser fram til å høyre frå deg! 

For meir informasjon, ta kontakt med oppvekstsjef Ingunn Korsen, 
tlf. 99 29 40 19 e-post: ingunn.korsen@dovre.kommune.no
 

Søknadsfrist:  29.06.2026

Søknad skal sendast via søknadsskjema her.

 


Dovre kommune er ei fjellbygd med noen av Norges mest spektakulære nasjonalparker innenfor kommunegrensa. Her finner du frisk fjelluft, trivelige folk og store naturopplevelser rett utenfor stuedøra. Selv om vi ligger høyt til fjells, er vi sentralt plassert. Herfra kan du reise klimasmart med Dovrebanen til både Oslo og Trondheim og med Raumabanen til Åndalsnes.
Ønsker du et rikt liv i et engasjert og trygt lokalsamfunn, vil vi ta godt i mot deg. Lurer du på hva du kan gjøre på fritida? Sjekk aktivitetskalenderen vår!