Vi skal lage fritidsklubb! Fyrste dag 29. september

Tysdag 29. september er alle unge frå 8. klasse og oppover velkome til kantina på ungdomsskulen kl. 15-18 for mat, aktivitetar i gymsalen og moglegheit til å si kva dei vil ha på den nye fritidsklubben. Fritidsklubben vil i fyrste omgang vera på Dovre ungdomsskule etter skuletid tysdagar kl. 15-18. Kva skal skje der? Korleis skal det sjå ut? Kom som du er og bli med på å lage ein klubb du har lyst til å bruke!