Spørjeundersøking: ny plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftslivHar du eit favoritturmål? Ein stad i nabolaget der du saknar ein kvilebenk? Ein stig som bør ryddast? Korleis skal vi legge til rette for ungane våre? Vi treng dine innspel til Dovre kommune sin nye plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv! Legg inn dine kommentarar på kartet eller send dei til oss på e-post. Undersøkinga er ope til 2. august. Takk for at du tek deg tid!Vi vil høyre frå degPlanen skal både syne kva vi har i dag og kva vi ynskjer å få på plass. Den skal legge føringar for korleis kommunen prioriterer ressursane i åra framover slik at både små og store skal ha ein fysisk aktiv kvardag. Da må vi veta kva som er viktig for både fastbuande og deltidsinnbyggarar.Vi vil gjerne ha innspel om alt frå idrettsanlegg og skulegardar til benkar, stigar, gangvegar, gode bustadområde og sentrum som legg til rette for at du vil gå ut døra. Med knappe ressursar kan vi ikkje love gull og grøne skogar, men vi vil gjerne ha innspel frå dykk om korleis vi bør prioritere innsatsen. Mykje kan også gjerast i samarbeid mellom kommune og frivilligheit. Da er det lurt å ha ein slik plan i botn.Slik gjer du det Klikk her for å opne kartet Gje innspel til planenVelg fanen for Hjerkinn, Dombås, Dovre eller DovreskogenDu kan legge inn kommentarar under alle fanane. Klikk på “Gi ditt innspill”. Klikk på bildet for å forstørreFyll inn din kommentarFinn kartpunktet du vil kommentere på. Klikk på kartpunktet.Fyll inn dine kommentarar.Klikk “Send inn” MERKDu kan legge inn kommentarar på så mange kartpunkt du vil.Vil du legge inn meir overordna kommentarar? Klikk ein stad på kartet og skriv inn. Vi skjøner ut frå samanhengen at det ikkje berre gjeld éin stad. Klikk på bildet for å forstørre Vil du heller sende innspela dine på e-post? Send til postmottak@dovre.kommune.no og merk med "Plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv"Undersøkinga er ope til 2. august. Takk for at du tek deg tid! Sist endret 03.07.2026 13.47