Spelemidlar 2027

Frist for å søke spelemidlar for 2027 er 25. oktober 2026. Planlegg du å søke? Kontakt oss for råd. 

Det går an å søke søkje om tilskot til:

  1. Ordinære anlegg for idrett og fysisk aktivitet: Dette er anlegg som i hovudsak er knytt til konkurranse- og treningsverksemd for organisert idrettsleg aktivitet.
  2. Nærmiljøanlegg: Dette er utandørsanlegg som ikkje er spesielt tilrettelagt for organisert konkurranseidrett, men der målsettinga er opne og tilgjengelege aktivitetsanlegg for alle, berekna for eigenorganisert fysisk aktivitet. Anlegga er ofte samlokalisert med skular, og skal ligge i område der folk bur og/eller oppheld seg. Ordninga rettar seg fyrst og fremst mot anlegg for barn og ungdom i alderen 6-19 år.

Kven kan søke spelemidlar?

Hjå Anleggsregisteret finn du svar på kven som kan søke spelemidlar

Ofte stilte spørsmål

Merk: Ifølgje den nye forskrifta som vart vedteke i 2026 kan ikkje lenger velforeningar, burettslag eller bygdalag søkje tilskot til nærmiljøanlegg.

Ny plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv

Kommunen er i gang med å skrive ein ny plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Denne skal m.a. legge grunnlaget for prioriteringar av spelemidlar i Dovre. Ta kontakt med Anne Marte Amble for å drøfte prosjektet du ynskjer å søke spelemidlar til, slik at vi får til god samkøyring av søknader og ny plan. 

Slik søker du

På Anleggsregisteret finn du informasjon og søknadsskjema. 

Legg inn søknaden her

  • Alle som søkjer tilskot må ha anlegget sitt registrert i Anleggsregisteret
  • Alle gamle søknader må fornyast. 
  • Alle som søkjer spelemidlar må vera registrert i Enhetsregisteret og ha organisasjonsnummer. 

Retningslinene for i år

Alle søkjarar må setja seg inn i dei oppdaterte retningslinene for 2027. I dette rundskrivet finn du oversikt over satsar for dei type anlegg som kvalifiserer til spelemidlar i 2027. Merk at det er krav til utforminga av kvart enkelt anlegg for at det skal kvalifisere til spelemidlar:

Satsar og type anlegg som får støtte i 2027

Ny forskrift

Nytt av året er at spelemiddelordninga no er forskriftsfesta. Her finn du forskrifta: 

Forskrift om tilskudd til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet fra spilloverskuddet til Norsk Tipping

Her finn du rettleiaren som høyrer til: 

Veiledning til forskrift om tilskudd til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet

Søknadsfrist 25. oktober 2026