Midlertidig flytting av 6. og 7. klasse frå hausten
Grunna plassmangel på Dovre barneskule blir det planlagt for at dei som går i 6. og 7. klasse hausten 2027 vil ta i bruk ledige lokale på Dovre ungdomsskule. Elevar og foreldre har fått informasjon for å gjera endringa trygg og god for alle.
Bakgrunn
Den midlertidige flyttinga blir gjort fordi elevtalet hausten 2027 blir slik at skulen treng betre plass for å sikre ungane så god undervisning og skulegang som mogleg. Grepet skal sikre ein skulekvardag som tek omsyn til størrelsen på klassene og elevgruppa sine pedagogiske behov.
Alt det praktiske er ikkje avklart
Sjølv om alle praktiske spørsmål ikkje er avklart, har foreldre og elevar blitt informert om nokre viktige punkt:
- Med nokre unntak får klassene med seg dei lærarane dei har i dag.
- På ungdomsskulen vil det bli ein vesentleg betre romsituasjon enn desse klassene har i dag. Romma ligg i 1. etasje der vidaregåande heldt til før.
- Elevane vil få sitt eige uteområde på nedsida av skulebygget.
- Rektor og assisterande rektor vil dele på å vera til stades på båe skulebygga.
- Det er berre 6. og 7. klasse som flytter til ungdomsskulen. Dette er fordi ein ynskjer at denne midlertidige endringa skal omfatte færrast mogleg. Det er ikkje nok rom i dei gamle lokala til vidaregåande til å huse alle tre klassene på mellomtrinnet. I tillegg er 5. klasse fadder for 1. klasse. Dette er ei verdifull og god ordning.
- Skuleleiinga og lærarane er i gang med å planlegge korleis denne endringa skal bli god og trygg for elevane.
- Rektor på barneskulen vil i tida framover ha direkte samtalar med elevane i dei to klassene det gjeld, slik at dei kan få spela inn i planlegginga.
- Skulen planlegg at 6. og 7. skal få besøke ungdomsskulen i nær framtid, slik at dei skal få bli kjent med lokala og sakte begynne å sjå for seg korleis det blir.
- Det vil bli kalla inn til foreldremøte med meir info når fleire detaljar er klare, så tidleg som mogleg.
- Føresette har blitt oppmoda om å kontakte foreldrekontaktar eller skuleleiinga viss dei har spørsmål eller noko dei ynskjer å lyfte før dette.
Parallelt med denne midlertidige endringa har kommunen engasjert KS Konsulent som skal gje eit råd om framtidig skulestruktur og bruken av skulebygga. At 6. og 7. klasse flytter til Dovre ungdomsskule frå hausten legg ikkje føringar for korleis skulen skal vera på lengre sikt.
Les meir om KS Konsulent sitt oppdrag her
Sist endret 10.11.2026 09.02