Kom med innspel til film om moskusen på Dovrefjell

LØV film inviterer til eit ope informasjonsmøte i samband med to nye filmprosjekt i utvikling: ein animert familiefilm og ein dokumentarfilm for barn og unge, begge om moskusen på Dovrefjell.

Logoen til LØV film - Klikk for stort bilde

LØV film held til på Lillehammer og lagar dokumentarfilm, animasjon og fiksjon med fokus på lokale historier med internasjonal appell, natur, sosiale tema og bærekraftig filmproduksjon. Filmane handlar om korleis moskusen kom til Dovre, korleis den har påverka området gjennom tidene, og kva utfordringar og moglegheiter som finst for naturen og dyrelivet framover.

Filmselskapet ynskjer å kome i kontakt med folk som har tilknyting til Dovre, og som sit på kunnskap, erfaringar aller historier knytt til naturen, dyrelivet og området i og rundt Dovrefjell. På møtet vil dei fortelja meir om prosjektet, presentere tankane bak filmane, svare på spørsmål, og gjerne høyre innspel og perspektiv frå folk som kjenner området godt.

For Løv film er det viktig at prosjektet gjennomførast med respekt for naturen, dyrelivet og menneska som lev og ferdast i området.

Alle interesserte er hjarteleg velkomne!

Dovre bibliotek, torsdag 4. juni kl. 18.