Kenneth Nystuen Dalum får prisen for sitt arbeid for fotballen i Dovre. Han har hatt ei sentral rolle i Dombås IL Fotball i mange år, og har vore med på å bygge opp eit miljø som er svært viktig for mange barn, unge og vaksne i bygda.
Han starta som trenar da han var 16 år, har leia fotballgruppa i mange år, organisert både Tine fotballskule, Copa del Myra og Snøhetta-cup, og er både trenar, dommar og speaker. I tillegg har han vore drivkraft bak inkluderande aktivitetar som frivillige treningar og open hall. Oppvekst-, kultur- og omsorgsutvalet ynskjer med denne prisen å takke Kenneth Nystuen Dalum for hans positive og energiske innsats for lokalsamfunnet, ikkje minst for dei yngre innbyggarane våre.
Les om statuttane her