Friluftslivets veke i Dovre

Denne veka blir Friluftslivets veke markert i heile Noreg. I Dovre kan du bli med på å gjera klar skiløypene til vinteren, sykle Blæstergrende rundt med oss frå kommunen, eller kanskje prøve ut den nye naturstigen i Hjerkinnholen?

Hjerkinnholen 

Vi oppfordrar alle til å teste den nye naturstigen i Hjerkinnholen naturreservat i Friluftslivets veke. Du finn kart og meir informasjon om turen på ut.no her. Rundturen er på ca. 5 km, lettgått og tilrettelagt med skilting og informasjonsplakatar. Naturreservatet er etablert for å bevare ein av dei høgastliggande barskogane i Sør-Noreg, med eit interessant dyre- og planteliv.

Start/retur frå rasteplassen/infopunktet på venstre side langs Folldalvegen, ca. 5 km søraust for Hjerkinnkrysset. Gå turen i løpet av Friluftslivets veke, eller når du vil i haust. Gje oss gjerne ei attendemelding på kva du synest om turen!

Les meir på Friskus her

Dugnad i skiløypene laurdag 12. september

Dombås IL inviterer til dugnad for å gjera klar den såkalla Tollefsenløypa for vinteren. Det skal jobbast på strekninga frå brua over Hinnåa (Finnebrua) og til venstre i krysset til Tiurplassen. 

Les meir på Friskus her

Sykkeltur Blæstergrende rundt måndag 14. september

Vi gjentek suksessen frå i fjor og inviterer på sykkeltur i samband med Friluftslivets veke 2026. Denne gongen tek vi turen Blærstergrende rundt, ein ca. 14 km lang tur du kan ta anten med pedalkraft eller el-sykkel.

Turen går i vakkert kulturlandskap, med tradisjonsrike gardar i aktiv drift. Turen gir flott utsyn utover Gudbrandsdalen, både vestover mot Lesja og sørover til Dovre og Dovreskogen. Vi møtast på parkeringsplassen bak Dombås kyrkje, og syklar mot Dombfossen, Blæstergrende, Brustugu, Joramo og så retur til Dombås sentrum.

Les meir og meld deg på her

Les meir i Vigga

Om du abonnerer på Vigga, kan du lesa om Hjerkinnholen her og om Friluftslivets veke her

Høyr intervju på Gudbrandsdalsradioen

Høyr kommuneplanleggar Kari Bentdal fortelja Gudbrandsdalsradioen om Hjerkinnholen

Innslag her (WAV, 41 MB)