Få varslingar om ledige stillingar i Dovre kommune

Får du med deg stillingsutlysingane våre? No kan du få varslingar frå oss kvar gong vi lyser ut nye stillingar. 

  1. Last ned Friskus kommune-appen i App Store eller Google Play
  2. Vel Dovre som heimkommune
  3. Huk av for dei nyheitskategoriane du vil følgje. Viss du følgjer nyheitskategorien "Ledige stillingar i Dovre kommune" får du varslingar frå oss når vi lyser ut nye stillingar.

Oppskrift steg for steg her

Du treng ikkje opprette konto eller oppgi namn, e-post eller telefonnummer. I appen ligg òg aktivitetskalenderen for Dovre. Appen har aldersgrense 4+ i App Store og PEGI 3 i Google Play. Den er norskutvikla, algoritme- og reklamefri.