Hjelp til vekeplanlegginga
Kvar søndag ettermiddag vil vi sende ut ei nyheitsmelding i appen med lenke til alle aktivitetar for barn og unge som er lagt ut i aktivitetskalenderen for den komande veka. Slik gjer vi det lettare å planlegge.
Ved å gjera det slik, unngår vi at skuleappen Flyt Foresatt blir fylt opp med informasjon om fritidsaktivitetar. Lag og foreiningar vil nå ut til barn, unge og foreldre ved å legge aktivitetane sine i Friskus-kalenderen som før, så tek vi oss av søndagsvarslingane.
Med appen får du aktivitetskalenderen og nytt frå kommunen rett i lomma. Friskus er ikkje eit sosialt medium.
Slik kjem du i gang
Ein barnevenleg app
Det fine med Friskus kommune-appen er at også barn kan bruke den. Du treng ikkje opprette konto eller oppgi namn, e-post eller telefonnummer.
Du berre lastar ned appen, vel Dovre som heimkommune og hukar av for nyheitskategoriar som “Ung i Dovre”, og så er du i gang. I appen ligg òg aktivitetskalenderen for Dovre. Appen har aldersgrense 4+ i App Store og PEGI 3 i Google Play. Appen er norskutvikla, algoritme- og reklamefri.