Evaluering av Dovremodellen
KS Konsulent har gjort ei evaluering av den såkalla Dovremodellen i grunnskulen i Dovre. Arbeidet vart utført i perioden november 2025-januar 2026. Oppvekstsjef Ingunn Korsen orienterte kommunestyret om funna i rapporten 1. juni 2026.
Les heile rapporten her (PDF, 3 MB)
Kva er Dovremodellen?
Den såkalla Dovremodellen har vore utvikla og praktisert i grunnskulen i Dovre sidan 2011. Denne bygger på ein kombinasjon av høg lærartettheit (tolærarsystem i klasserommet), vekt på tidleg innsats og ein tydeleg ambisjon om at mest mogleg av opplæringa skal skje i det inkluderande fellesskapet.
Oppdraget
KS Konsulent fekk i oppdrag å få fram eit kunnskapsgrunnlag og foreslå forbetringsområde. I følge oppdraget skulle KS Konsulent sjå på:
- Dovremodellens effekt over tid
- Korleis modellen blir brukt i dag
- Konsekvensar med tanke på kvalitet, kostnadseffektivitet og fleksibilitet
- Korleis Dovremodellen blir opplevd av skulesamfunnet i dag
Dette seier rapporten:
- Dovremodellen er godt forankra og fungerer som eit overordna prinsipp for skulen, med vekt på tidleg innsats, inkludering og tolærarsystem.
- Modellen har gjeve tydelege resultat: mindre spesialundervisning (ca. 3,1 %), meir opplæring i fellesskap og lågare fråfall i vidaregåande.
- Elevane opplever høg trivsel og betre tilgang på hjelp og trygge vaksne i kvardagen.
- Samtidig er dei faglege resultata i grunnleggande ferdigheiter svakare enn ynskjeleg.
- Tolærarressursen bør brukast meir målretta for å styrke læring i lesing, skriving og rekning.
- Dei fysiske rammene på barneskulen avgrensar utnyttinga av Dovremodellen. Trongbuddheit og mangel på eigna delingsrom gjer det vanskelegare å organisere små grupper, intensive opplegg og rolege arbeidssoner, sjølv om bemanninga i utgangspunktet gjev gode moglegheiter.
- Samla sett fungerer modellen godt, men treng vidareutvikling og sterkare fagleg spissing framover.
Skjermdump
Sist endret 02.06.2026 14.04