9. klasse på Erasmus+-besøk i Storfors

Veka før påske reiste 9. trinn ved Dovre ungdomsskole til Storfors i Sverige. Vi fekk mange flotte opplevingar.

Sissel Elvestad Øwre

Erasmus+-utveksling

Kvar haust besøker elevar frå Vargbroskolan Dombås fjellskole. Vargbroskolan ligg i Dovre si vennskapskommune Storfors i Sverige. Skolen finansierer leirskoleopphaldet sitt med midlar frå Erasmus+, EU sitt utvekslingsprogram for utdanning, opplæring, ungdom og idrett. I og med at dette er eit utvekslingsprogram har Storfors hatt ynskje om besøk attende frå Dovre.

I år fekk vi til dette, og samarbeidet starta allereie da Vargbroskolan var her i haust. Vi hadde aktivitet i lag med dei for å bli kjent. Veka før påske sette 9. trinn ved Dovre ungdomsskole seg på bussen med kurs for Storfors. 

Aktiv fritid samla på éin stad

I tilknytning til Vargbroskolan ligg ein stor idrett- og aktivitetshall. Her held alle lag og foreningar i Storfors til i kvart sitt lokale inne i hallen. Vi fekk sjå eit imponerande samarbeid mellom kommunen og lag og foreningar der alle verkeleg dreg i same retning for å få til aktivitet for innbyggarar i alle aldre. I tillegg hadde kommunen to tilsette som arbeidde i Aktiv Storfors. Deira oppgåve var å legge til rette for aktiv fritid for barn og unge. I tillegg til fysisk aktivitet hadde dei unge ein plass å vera der dei møtte trygge vaksne. Dei kunne få hjelp til lekser, og dei arrangerte aktivitet på planleggingsdagar og i ferier.  

Glimt frå veka

Vi fekk mange flotte opplevingar.

Måndag

Vi kom til Storfors 15.30 og vart møtt av Mikael og Niklas frå Aktiv Storfors, rektor Erik, skolesjef Anneli og lærar Torbjørn. Vi fekk informasjon om kva dei hadde planlagt for oss og ei omvisning i hallen. Deretter fekk vi innlosjere oss. I denne hallen har dei også 6 rom for overnatting med tilhøyrande kjøken og opphaldsrom. Elevane har vore delt i middagsgrupper som har laga middag denne veka. Etter eit svært godt måltid med taco fekk vi prøve oss på skyting med luftgevær saman med Storfors skyteforening.  

Luftgeværskyting på bane - Klikk for stort bilde Sissel Elvestad Øwre

Tysdag

Tysdag reiste vi til Karlskoga, ein halvtimes køyring frå Storfors. Her fekk vi ei flott omvisning på Bjorkborn, heimen til Alfred Nobel på sommaren som no var gjort om til museum. Guiden vår tok oss med frå rom til rom i det staselege huset og fortalde om Alfred sitt liv. Her fekk vi og høyre om betydningsfulle menneskje han kjente som var inspirasjon for til dømes Nobels fredspris. Vi fekk og høyre om då han hadde besøk av kong Oskar, og dei åt ein 13-retters middag på under 1 time.  

Sissel Elvestad Øwre

Vidare tok vi turen til Boda Borg der vi møtte elevane frå Vargbroskolan. Boda Borg er eit aktivitetssenter der ein får testa ut sine logiske og fysiske ferdigheiter ved å løyse ulike oppdrag. Elevane var delt inn i blanda lag saman med dei svenske og vi hadde to artige og engasjerande timar der. Før retur til Storfors var vi innom Kandyz og fekk sjå korleis det ser ut i ein butikk med 850 ulike sortar smågodt.

Kveldsaktiviteten tysdag var bordtennins. Storfors er kjent for å vera gode i bordtennis og vi fekk plukka opp nokre triks frå dyktige medlemmar i bordtennisklubben.  

Sissel Elvestad Øwre

Onsdag

Denne dagen var det tid for å besøke skolen. Elevane følgde timar på 7.,8 og 9 årskurs, (tilsvarar 8.,9. og 10. i Norge) og fekk prøve seg på både matematikk, samfunnsfag, kroppsøving, spansk og fransk. Vi vaksne fekk høyre om korleis dei organiserer skolen sin, og vi fekk og høyre om dei store utfordringane dei har med elevfråvær. Ca. 30 prosent av elevane kjem ikkje på skolen av diverse årsakar.  

Sissel Elvestad Øwre

I Sverige har alle elevar varm lunsj, og dette fekk vi vera med på i skolens matsal. Etter lunsj hadde vi volleyballturnering saman med svenskane.  

Onsdag kveld fekk nokre av jentene vera med på fotballtrening saman med eit lokalt fotballlag. Kveldsaktiviteten denne kvelden var golf, og mange tykte det var stor stas med golfsimulator.

Sissel Elvestad Øwre

Torsdag

Torsdag var heimreisedag. Elevane hadde ynskje om stopp i Charlottenberg. Her fekk vi kjøpt oss mykje fint, og det vart med nokre kilo godteri til påskeegga.  

Vi har storkosa oss og vil rette ein stor takk til Antonio Teigen frå Lesja Bilruter som solid bussjåfør på turen.