Informasjon frå Dovre kommune
Heimesida vår er hovudkanalen for informasjon frå kommunen. Her vil du finne informasjon om kva som har skjedd, kva du bør gjera og korleis du kan få hjelp. Vi vil òg sende ut informasjon i innbyggarappen vår Friskus kommune.
Slik lastar du ned appen
SMS-varsling frå Dovre kommune
Når viktig informasjon må ut raskt, vil kommunen sende deg eit varsel på SMS. Det kan vera ved vassbrot, stengte vegar, evakuering, generelle servicemeldingar eller andre situasjonar som krev rask informasjon.
Nødvarsel på mobil
Nødvarsel er ei teneste frå norske styresmakter som blir brukt til å varsle befolkninga om akutt fare. Når du får eit nødvarsel vil mobiltelefonen vibrere og spele av ein høg sireneaktig lyd. På mobilskjermen kjem det opp ein kort tekst som fortel deg kva som skjer og kva du bør gjera. Det er politiet og Sivilforsvaret som avgjer kva område som skal varslast og som sender ut sjølve varselet.
Les meir om nødvarsel
Offentlege beredskapskanalar
Tilgang på offisiell informasjon er viktig. NRK P1 er beredskapskanalen som skal sikre informasjon til alle innbyggarar, dersom andre nyheitsmedium og offentlege nettsider ikkje er tilgjengelege. For å kunne ta i mot råd og meldingar via beredskapskanalen NRK P1, bør du ha tilgang til ein DAB-radio som går på batteri, solceller eller sveiv.
Informasjonspunkt i Dovre
Når mobilnett eller internett ikkje fungerer vil Dovre kommune opprette faste informasjonspunkt.
Les meir om informasjonspunkta i Dovre
Trollbinde