Dovre kommunes idretts- og kulturstipend
Dovre kommunes idretts- og kulturstipend er ein pris som skal gje utøvaren moglegheiter for vidareutvikling i sin profesjon. Innan idrett kan stipendet gå til ein lovande utøvar som er etablert på nasjonalt nivå, og som er i ferd med å etablere seg på internasjonalt nivå.
Innan kultur kan stipendet bli gjeve til ein person som har utmerka seg gjennom kulturell utfolding eller skapande verksemd, og som er i ferd med å etablere seg på eit profesjonelt nivå.
I statuttane er det lagt vekt på ulike faktorar det skal leggjast vekt på når ein vurderer kandidatane. Forslag om tildeling av stipendet kan fremjast av privatpersonar, organisasjonar og institusjonar.
Stipendet er på kr 20 000,- som må leggjast inn i kommunens budsjett.
Nominasjon
For å fremje ein kandidat til kommunens idretts- og kulturstipend, sender du ein epost merka “Nominasjon til idretts- og kulturstipend” til postmottak@dovre.kommune.no
Nominasjonen skal innehalde
- ei oversikt over kva resultat kandidaten har oppnådd,
- plan for utvikling og vidare satsning,
- utsegner/referansar frå andre.
Innsendte forslag blir unnteke offentlegheit (Offl § 13 jfr Fvl §13.1).