Prisar og stipend

I Dovre kommune har vi tre ulike prisar og stipend innan kultur og idrett:

  • Kulturprisen i Dovre 
  • Dovre kommunes idretts- og kulturstipend
  • Ungdommens idretts- og kulturpris

Her kan du lesa om dei tre ordningane, og korleis du kan nominere din kandidat. 

Nominasjonsfrist 1. august

Kulturprisen i Dovre

Kulturprisen i Dovre blir delt ut av Oppvekst-, kultur- og omsorgsutvalet (OKO).

Prisen blir gjeve til ein person, ei verksemd eller ein organisasjon som har vore med på å fremje kulturlivet i Dovre og elles gjort seg fortent til prisen gjennom sin kulturelle innsats for bygda.

OKO peikar ut prisvinnaren, og er ikkje bunde av innkomne forslag.  Kulturprisen blir delt ut annankvart år.

Prisen er eit diplom i eit utskore ramme og ein sjekk på kr. 5000.

Nominer din kandidat her

Dovre kommunes idretts- og kulturstipend

Dovre kommunes idretts- og kulturstipend er ein pris som skal gje utøvaren moglegheiter for vidareutvikling i sin profesjon. Innan idrett kan stipendet gå til ein lovande utøvar som er etablert på nasjonalt nivå, og som er i ferd med å etablere seg på internasjonalt nivå.

Innan kultur kan stipendet bli gjeve til ein person som har utmerka seg gjennom kulturell utfolding eller skapande verksemd, og som er i ferd med å etablere seg på eit profesjonelt nivå.

I statuttane er det lagt vekt på ulike faktorar det skal leggjast vekt på når ein vurderer kandidatane. Forslag om tildeling av stipendet kan fremjast av privatpersonar, organisasjonar og institusjonar.

Stipendet er på kr 20 000,- som må leggjast inn i kommunens budsjett.

Nominasjon

For å fremje ein kandidat til kommunens idretts- og kulturstipend, sender du ein epost merka “Nominasjon til idretts- og kulturstipend” til postmottak@dovre.kommune.no

Nominasjonen skal innehalde 

  • ei oversikt over kva resultat kandidaten har oppnådd, 
  • plan for utvikling og vidare satsning, 
  • utsegner/referansar frå andre.

Innsendte forslag blir unnteke offentlegheit (Offl § 13 jfr Fvl §13.1). 

Ungdommens idretts- og kulturpris

Dovre har mange unge talent både innan idrett og kultur. Ungdommens idretts- og kulturpris skal gje motivasjon og vera ei påskjønning for ungdom under 20 år.

  • Innan idrett kan prisen bli gjeve til ein lovande idrettsutøvar som har fått gode resultat på regionalt og nasjonalt nivå.
  • Innan kultur kan prisen delast ut til ein person som har utmerka seg gjennom kulturell utfolding eller skapande verksemd, og som har oppnådd gode resultat.

Forslag om tildeling av prisen kan fremjast av privatpersonar, organisasjonar og institusjonar, men det er oppvekst-, kultur- og omsorgsutvalet som avgjer kven som skal få prisen.

Saman med eit diplom er prisen på kr 1500,- 

Nominasjon

For å fremje ein kandidat til ungdomens idretts- og kulturpris, sender du ein epost merka “Nominasjon til ungdomens idretts- og kulturpris” til postmottak@dovre.kommune.no

Innsendte forslag blir unnteke offentlegheit (Offl § 13 jfr Fvl §13.1). 

Statuttar

Tidlegare prismottakarar