Leige fast

Vil du leige Moskushallen, Dombås samfunnshus eller Dovre svømmehall fast? Her får du ei oversikt over korleis du går fram, og kva retningsliner som gjeld for leige og bruk av anlegga. Du må søke kvart år. 

Slik søker du

15. juni - Vi annonserer

Kommunen sender ut påminning om å søke om fast leige

15. juli - Søknadsfrist

Du søker her: 

Søknadsskjema

August - Søknadsbehandling

Skulane behandlar søknadane:

  • Dovre barneskule tildeler tid i Moskushallen
  • Dovre ungdomsskule tildeler tid i Dombås samfunnshus og Dovre svømmehall

1. september - Du får melding

Vi informerer deg om og når du har fått tid

Kontrakt, nøkkel og betaling

  • Du får tilsendt leigekontrakt som du signerer og returnerer før du kan hente ut nøkkel/nøkkelkort.
  • Det blir kravd depositum på 500 kroner.
  • Økonomikontoret sender faktura og følgjer opp betaling. 

Du legg inn aktiviteten din i aktivitetskalenderen

Faste leigetakarar og dei som får gratis halltid skal syne fram aktivitetane sine i Dovre kommune sin aktivitetskalender (sjå retningslinene nedanfor)

I aktivitetskalenderen Friskus legg lag og organisasjonar sjølv inn aktivitetane, slik at både innbyggarar og gjestar lett kan få med seg det som skjer i kommunen. 

Slik gjer du det, heilt enkelt!

Retningsliner for utleige

Vedteke i Oppvekst-, kultur- og omsorgsutvalet 2. desember 2024.