Nasjonalparkane i DovreI Dovre lev vi midt mellom nasjonalparkar vi er stolte av og vil forvalte med lokal kunnskap. Om lag 75 prosent av arealet i kommunen er underlagt ei eller anna form for vern. Rondane nasjonalparkRondane nasjonalpark er Noregs eldste, oppretta i 1962 og utvida i 2003, og omfattar 963 km². I den nordlege delen som ligg i Dovre kommune, finn vi toppar som Høgronden og Digerronden. Rondane har eit særprega høgfjellslandskap med vide flyer, djupe dalar og skarpe tinderekker forma av istida. Vegetasjonen er karrig og dominert av lav og lyng, som er viktige beiteområde for villreinen.Nasjonalparken si nettsideDovre nasjonalparkDovre nasjonalpark ligg mellom E6 over Dovrefjell og Grimsdalen, og utgjer om lag 289 km². Parken vart oppretta i 2003, og er saman med Rondane og Dovrefjell–Sunndalsfjella del av eit stort, samanhengande høgfjellsområde med villrein som hovudfokus for vernet. Landskapet er prega av snaufjell, vide platå og avrunda toppar, og i høgda har terrenget eit arktisk preg. Her ligg òg nokre av dei sørlegaste palsmyrene i Noreg, ei særmerkt naturtype med permafrost. Floraen er rik på fjellplantar, mellom anna dovrevalmue og dovreløvetann, medan faunaen omfattar villrein, jerv, noko fjellrev og eit mangfald av fjellfuglar.Nasjonalparken si nettsideDovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalparkDovrefjell–Sunndalsfjella nasjonalpark vart oppretta i 2002 og utvida i 2018, og er med sine om lag 1830 km² ein av dei største nasjonalparkane i landet. Parken spenner frå alpine fjellmassiv i vest til rundare og meir kalkrike fjellområde i aust. Det mest kjende landemerket er Snøhetta (2286 moh.), eit av Norges mest ikoniske fjell. Dette er eitt av landets mest intakte høgfjellsøkosystem, med villrein som nøkkelart. Her finst òg moskus, jerv, fjellrev og store rovfuglar. Den kalkrike berggrunnen gjev eit rikt planteliv og fleire sjeldne fjellartar.Nasjonalparken si nettside Kva er ein nasjonalparkkommune? Ein nasjonalparkkommune har verna naturområde og legg til rette for besøkande, samtidig som naturverdiane blir tekne vare på. Kommunen tilbyr informasjon, mat, overnatting og gode turmoglegheiter.Les meir her Publisert av Anne Marte Amble Sist endret 13.03.2026 15.13