Fotturar

I Dovre kan du gå på fantastiske fotturar sommar og haust, anten du vil gå langt eller stutt. 

Den populære brosjyren På tur i Dovre (nor/eng 2025) finn du i papir på serverings- og overnattingsstader rundt omkring i kommunen. Du finn den òg i pdf her: 

På tur i Dovre - Hike and bike in Dovre (PDF, 5 MB)

Turane i brosjyren ligg digitalt på ut.no. Nedanfor finn du lenke til kvar enkelt. 

Turar til fots

Barnefamiliar, mosjonistar og toppturentusiastar finn nok av spennande utfordringar på merka stigar, råk og vegar. Her har vi samla forslag til nokre fotturar - frå Hjerkinn i nord til Dovreskogen i sør. Dei fleste turane er merka og lette å ta seg fram på. 

 

Pilegrimsleden gjennom Dovre

Frå Oslo til Trondheim går Gudbrandsdalsleden gjennom Dovre.  Gudbrandsdalsleden var hovedvegen til Trondheim og Nidarosdomen i middelalderen.

Frå Valldal i vest går Valldalsleden til Fokstugu på Dovrefjell. 

Kontakt Pilegrimssenter Dovrefjell for informasjon.