Sommar 2026 - Frivilligsentralen

Frivilligsentralen er stengd frå 10. juli til 9. august. God sommar!

Har du litt ledig tid og vil bidra til at både fastbuande og besøkande i Dovre kan ha ein aktiv sommar? Vi treng nokre frivillige hender for å kunne halde utlånsbanken open i perioden 13. juli-9. august! 

Ta kontakt om du har lyst til å bidra. 

Meir info her

Friluftsliv og natur

I Dovre finn du rike naturopplevingar for liten og stor - rett utanfor døra. Nærturar og totusenmeterstoppar. Nokre av Noregs mest spektakulære nasjonalparkar: Dovrefjell-Sunndalsfjella, Dovre og Rondane. Frisk luft, reint vatn, mjuk mose og snøsikre vintrar. Vi er stolte over å føre vidare ein mange tusen år lang tradisjon med fangst på villrein og vil forvalte villreinen og villreinfjellet på ein berekraftig måte.

Tips for turen

  • Ta med avfall til næraste søppeldunk, også dopapir og våtserviettar. 
  • Hugs å lukke grinder. Vis omsyn til ville dyr og beitedyr. 
  • I nasjonalparkane og verneområda tek vi spesielt vare på utsett dyre- og planteliv. Det er m.a. eigne reglar for bruk av sykkel, el-sykkel og drone. Set deg inn i kva du har lov til å gjera, og kva du bør unngå. 

 

Ferdselsråd og reglar i Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark

Ferdselsråd og reglar i Rondane og Dovre nasjonalparkar