Friluftsliv og natur - Dovre kommune

Friluftsliv og natur

I Dovre finn du rike naturopplevingar for liten og stor - rett utanfor døra. Nærturar og totusenmeterstoppar. Nokre av Noregs mest spektakulære nasjonalparkar: Dovrefjell-Sunndalsfjella, Dovre og Rondane. Frisk luft, reint vatn, mjuk mose og snøsikre vintrar. Vi er stolte over å føre vidare ein mange tusen år lang tradisjon med fangst på villrein og vil forvalte villreinen og villreinfjellet på ein berekraftig måte.

Ungar som klatrar i eit furutre

Folkemøte om idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv

Dovre kommune skal lage ein ny plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Denne vil legge grunnlaget for kva vi skal prioritere i åra framover. Vi vil høyre kva som er viktig for at du skal ha ein aktiv kvardag, heile året!

Har du eit favoritturmål? Ein stad i nabolaget der du saknar ein kvilebenk? Ein stig som bør ryddast? Korleis skal vi legge til rette for ungane våre?

Vi treng innspel på kva kommunen bør prioritere for at både små og store innbyggarar skal ha ein kvardag med fysisk aktivitet.

Vi finn fram store kart, lappar og tusjar og er klare til å høyre kva som er viktig for deg! 

Vi sjåast i kantina på Dovre ungdomsskule 13. april kl. 18:00!

Tips for turen

  • Ta med avfall til næraste søppeldunk, også dopapir og våtserviettar. 
  • Hugs å lukke grinder. Vis omsyn til ville dyr og beitedyr. 
  • I nasjonalparkane og verneområda tek vi spesielt vare på utsett dyre- og planteliv. Det er m.a. eigne reglar for bruk av sykkel, el-sykkel og drone. Set deg inn i kva du har lov til å gjera, og kva du bør unngå. 

 

Ferdselsråd og reglar i Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark

Ferdselsråd og reglar i Rondane og Dovre nasjonalparkar