Haustprogrammet er klart!

Denne hausten kan du få med deg barneteater, trylleshow, filmar for både store og små, konsertar med kulturskulen, lunsjforedrag, kosedyrovernatting, lesestund for dei minste, verkstad for barn, vindvottkurs for vaksne, formidlingskveld med gode boktips, gode samtalar om bøker vi har lese, du kan bestille adventskalender til ungane dine, ungane kan delta på skrekk-bingo, vi set i gang med Vinterles att, det blir konsert med kveldsmat for dei små, og vi markerer Verdsdagen for psykisk helse.
Og sjølvsagt kan du kome innom oss og låne ei bok, slå av ein prat med nokon, lese avisa, ta ein kaffe, lese for ungane eller barnebarna, låne ein pc, bruke spillsenteret eller berre vere her.
Vi gler oss til alt det artige som skal skje denne hausten - og håpar å møte deg her!
Sjå programmet her.pdf (PDF, 4 MB)