Alle har rett til å låne på biblioteket og det er gratis å bruke biblioteket.
Som lånar blir du registrert men namn, adresse, fødselsdato og kontaktinformasjon, og får lånekort. Oppgjev du fødselsnummer, kan du også få nasjonalt lånekort. Dette kan nyttast i heile landet, og ein blir registrert i eit nasjonalt låneregister.
Er du under 15 år må du ha underskrift frå føresette.
Ynskjer du å låne noko som er utlånt, kan vi skrive deg på venteliste. Du vil få melding når materialet kan hentast. Materiale som ikkje finst i biblioteket, kan lånast inn frå andre bibliotek. Nasjonalt lånekort gjev tilgang til digitale tenester som Biblioteksøk, BookBites og Filmbib
Lånetid
Du kan forlenge lånetida, reservere og bestille ved å ringe eller kome innom biblioteket, eller ved å logge på biblioteket si nettside med lånernummer og pinkode.
Dersom lån ikkje vert levert til rett tid:
Biblioteket sender 2 påminningar på sms.
3. påminning går som brev, med gebyr på kr. 100,- til lånarar over 15 år.
Deretter erstatningskrav etter biblioteket sine satsar.