Bustøtte
Bustøtte er ei behovsprøvd statleg stønadsordning for dei som har låg inntekt og høge bukostnader. Husbanken og kommunen samarbeider om bustøtteordninga. Husbanken fattar vedtak, men det er kommunen som behandlar søknaden og har all kontakt med deg som søkjar.
Les meir om bustøtte hjå Husbanken
Startlån
Startlån er eit lån frå kommunen som skal hjelpe deg som har vanskar med å få lån i vanleg bank, til å kjøpe eigen bustad. Lånet kan også brukast til å utbetre eller tilpasse bustaden du bur i. Ordninga er behovsprøvd, og du må kunne betale lånet tilbake.
Les meir om startlån hjå Husbanken