Med lang fartstid i skulen og idretten og eit sterkt engasjement for unge i bygda, tek Erik Vadet fatt på oppgåva med å skape ein ny, kommunal fritidsklubb for unge i Dovre. "Eg gler meg til å koma i gang med dette viktige prosjektet saman med ungdomane og engasjerte kollegaer", seier Erik. “Det er viktig at dei unge sjølv får vera med å forme møtestaden sin.”