Fritidsklubbløftet - Dovre kommune

Fritidsklubbløftet

Som éin av tre pilotkommunar i det treårige, nasjonale Fritidsklubbløftet, skal Dovre etablere ein ny, kommunal fritidsklubb for og med unge i kommunen. Ungdom og Fritid er nasjonal prosjektleiar, og Hå og Asker er dei to andre kommunane. Pilotprosjektet hjelp oss med å realisere politiske målsettingar for ungdomssatsinga i samfunnsplanen (2025-2036). 

Elevar og lærar i klasserommet

Hels på prosjektleiar Erik

Med lang fartstid i skulen og idretten, og eit sterkt engasjement for unge i bygda, tek Erik Vadet fatt på oppgåva med å skape ein ny, kommunal fritidsklubb for unge i Dovre. ‎‎"Eg gler meg til å koma i gang med dette viktige prosjektet saman med ungdomane og engasjerte kollegaer", seier Erik. “Det er viktig at dei unge sjølv får vera med å forme møtestaden sin.” Ut skuleåret 2025-2026 vil Erik, som i dag er kontaktlærar i 7. klasse, jobbe som prosjektleiar i 20%. Frå hausten går han inn i stillinga på fulltid.