Ung i Dovre

Vi jobbar for at du som er ung i Dovre skal ha positiv fritid og høg trivsel som gjev djupe røter i bygda. Du skal få vera med med å skape den kvardagen og framtida du ynskjer. 

Eirik er ungdomskontakt-vikar

Eirik vil fram til mai 2026 vera vikar som ungdomskontakt i kommunen. Han kjem inn med erfaring frå festivalbransjen, samt turguiding og bakgrunn som barnevernspedagog. Saman med prosjektleiar Erik og ungdomen vil Eirik vera med i arbeidet med å forme ungdomsklubben. Eirik er oppteken av å skape trygge møteplassar der ungdom blir sett, høyrd og får moglegheit til å påvirke sin eigen kvardag.

Hels på prosjektleiar Erik

Med lang fartstid i skulen og idretten og eit sterkt engasjement for unge i bygda, tek Erik Vadet fatt på oppgåva med å skape ein ny, kommunal fritidsklubb for unge i Dovre. ‎‎"Eg gler meg til å koma i gang med dette viktige prosjektet saman med ungdomane og engasjerte kollegaer", seier Erik. “Det er viktig at dei unge sjølv får vera med å forme møtestaden sin.”

Elevar og lærar i klasserommet