Ung i Dovre - Dovre kommune

Ung i Dovre

Vi jobbar for at du som er ung i Dovre skal ha positiv fritid og høg trivsel som gjev djupe røter i bygda. Du skal få vera med med å skape den kvardagen og framtida du ynskjer. Bli med!

Framsida på samfunnsplanen

Samfunnsplanen (2025-2036) seier at unge i Dovre skal ha eit trygt og godt oppvekstmiljø, med positiv fritid og høg trivsel som gjev djupe røter i bygda. Dei skal vera med å skape den kvardagen og framtida dei ynskjer. Kommunen skal ta eit krafttak for ungdomen og skape ein ungdomsklubb som er utforma etter ungdomens ynskje. Ungdomsrådet skal involverast til rett tid i politiske prosessar og kommunal planlegging. 

Les samfunnsplanen her