Treffe kvarandre
Tanken er enkel: Dovre og Lesja er to tett samanvovne kommunar, der folk kryssar kommunegrensa dagleg for å reise på jobb eller fotballtrening eller besøk. Med treårig støtte frå Innlandet fylkeskommune skal vi gjera det enda enklare å orientere seg for deg som er ny. Og kanskje trivelegare for deg som har budd her lenge? Når vi blir betre kjent, vev vi samfunnsveven enda tettare. Slik skapar vi trivsel og robuste lokalsamfunn.
Få med deg kva som skjer
Med aktivitetskalenderen Friskus skapar vi ein felles, digital samlingsplass på tvers av kommunegrensene.
Møtestader
Med Tålåst vil vi gjera det enklare for sambygdingar, deltidsinnbyggarar og tilflyttarar å møtast. Vi til skape rom for meiningsbryting, nye idear og trivelege treff. Jo betre vi kjenner kvarandre, jo sterkare blir tilliten i bygdasamfunnet vårt. Tillit bygger fellesskap og samhald, og gjer oss i stand til å løyse utfordringar i lag.
Vi planlegg ulike arrangement gjennom året. Følg oss på Friskus for å få med deg kva som skjer!
Tålåst på Friskus