Tålåst. Bu- og blilyst i Dovre og LesjaEr du ny i Dovre og Lesja? Eller har du budd her lenge, men ynskjer å treffe nye folk? Lære noko nytt? Har du kome hit nyleg eller for fleire år sidan, og merkar at det framleis er mykje du lurer på? Treffe kvarandreTanken er enkel: Dovre og Lesja er to tett samanvovne kommunar, der folk kryssar kommunegrensa dagleg for å reise på jobb eller fotballtrening eller besøk. Med treårig støtte frå Innlandet fylkeskommune skal vi gjera det enda enklare å orientere seg for deg som er ny. Og kanskje trivelegare for deg som har budd her lenge? Når vi blir betre kjent, vev vi samfunnsveven enda tettare. Slik skapar vi trivsel og robuste lokalsamfunn. Få med deg kva som skjerMed aktivitetskalenderen Friskus skapar vi ein felles, digital samlingsplass på tvers av kommunegrensene. MøtestaderMed Tålåst vil vi gjera det enklare for sambygdingar, deltidsinnbyggarar og tilflyttarar å møtast. Vi til skape rom for meiningsbryting, nye idear og trivelege treff. Jo betre vi kjenner kvarandre, jo sterkare blir tilliten i bygdasamfunnet vårt. Tillit bygger fellesskap og samhald, og gjer oss i stand til å løyse utfordringar i lag. Vi planlegg ulike arrangement gjennom året. Følg oss på Friskus for å få med deg kva som skjer!Tålåst på Friskus Sist endret 25.03.2026 00.06