Borgarleg vigselPlanlegg de å gifte dykk borgarleg i Dovre? Slik går de fram for å planlegge den store dagen.I Dovre er det ordføraren, varaordføraren og rådmannen som har mynde til å gjennomføre borgarleg vigsel. Slik går de framFor å avtale tid til vigsel, tek de kontakt ved å kontakte oss på tlf. 61 24 21 00 eller postmottak@dovre.kommune.no. Det er ynskjeleg at de tek kontakt minst éin månad før sjølve vigseldagen.Nødvendige dokumentFør vigselen må brureparet sende eigenerklæringar, forlovarerklæringar og andre nødvendige dokument til Folkeregisteret. Folkeregisteret kontrollerer at alle vilkår for å inngå ekteskap er oppfylte, og vil deretter utstede ein såkalla prøvingsattest. Attesten er gyldig i fire månader. Vigselen kan tidlegast finne stad tre dagar etter at vi har motteke prøvingsattesten. Vi stadfestar ikkje tidspunkt før vi har motteke original attest. Denne må vera gyldig på vigslingstidspunktet. Har de spørsmål knytt til prøvinga, må desse rettast til Folkeregisteret ved regionalt skattekontor. Endeleg vigselsattest blir sendt til dykk frå Folkeregisteret etter vigselen.Skjema og rettleiing finn de her: Skatteetaten om ekteskapKostnaderÅ gifte seg hjå oss er gratis. Du treng ikkje å vera busett i Dovre for å gifte deg i kommunen. Men vigselen må foregå på ei tid og ein stad som kommunen kan tilby.Kva dagar de kan gifte dykkDovre kommune gjennomfører vigslar alle vekedagar. Det er mogleg å fremje ynskje om andre dagar, men da vil det vera opp til ressursar og kapasitet om det let seg gjera. Meirkostnadane må dekkast av paret.Kvar de kan gifte dykkDovre kommune vil i utgangspunktet vigsle på kommunehuset. Det er mogleg å fremje ynskje om andre stader, men det vil da vera avhengig av ressursar og kapasitet om det let seg gjera. Meirkostnadane må dekkast av paret. På dagenMøt opp i god tid. De må vise original prøvingsattest og legitimasjon før seremonien startar.To vitne må vera til stades under seremonien. Dette kan vera forlovarar eller to andre myndige personar. Det er mogleg å avtale på førehand at vigselen skal vera på engelsk. Viss norsk eller engelsk ikkje er tilstrekkeleg, må paret sjølv ta med seg kvalifisert tolk.Nokre ynskjer å inkludere musikk eller diktlesing i seremonien. Gje i så fall beskjed om dette i god tid på førehand.Fotografering og filming kan skje under og etter seremonien om paret ynskjer det. Kommunehuset BåtstoSentralbordet er åpent mandag - fredag kl. 09.00-14.00. Da er også kommunehuset åpent for publikum. Telefonnummer: 61 24 21 00Besøksadresse: Kongsvegen 4, 2662 Dovre.Organisasjonsnummer: 939 849 831 Sist endret 24.03.2026 19.30