SkuleskyssElevar i grunnskulen (1.-10. klasse) kan få fri skuleskyss hvis dei bur langt frå skulen, har spesielt trafikkfarleg skuleveg, eller har spesielle behov for transport. Det er skulen som melder inn skysselevar til Innlandstrafikk, som så organiserer og planlegg skuleskyssen. Lang skulevegElevar har rett på skuleskyss hvis dei har:over 2 km gangavstand mellom heim og skule i 1. klasse.over 4 km gangavstand mellom heim og skule i 2.–10. klasse. Denne avstanden blir rekna ut automatisk basert på eleven si folkeregistrerte adresse. Du treng ikkje sende inn søknad. Delt bustadViss eleven har delt bustad og båe bustadane er over skyssgrensa, har eleven krav på skyss båe stader. Då må føresette melde frå om når eleven skal ha skyss kvar. Du søker herMerk at du skal sende skjemaet til skulen, ikkje til Innlandet fylkeskommune. Spesielle behovElevar med ein varig eller midlertidig sjukdom eller funksjonsnedsetting kan ha rett på skuleskyss uavhengig av avstanden mellom heimen og skulen. Fyll ut desse to skjemaa:Søknadsskjema og Legeerklæring (mal)Merk at du skal sende dei til skulen, ikkje til Innlandet fylkeskommune. Trafikkfarleg skulevegViss skulevegen er kortare enn krava til skyssgrense, kan eleven likevel ha rett på skyss viss skulevegen er farleg. Da fyller du ut dette skjemaet: Søknadsskjema trafikkfarleg skuleveg Merk at du skal sende skjemaet til skulen, ikkje til Innlandet fylkeskommune. Publisert av Anne Marte Amble Sist endret 24.03.2026 16.00