Kommunikasjon med heimaneGod dialog mellom heim, barnehage og skule er viktig både for ungar, foreldre, barnehage og skule. Her finn du informasjon om dei kanalane vi bruker. Dovre barneskule og Dovre ungdomsskule har gått av Facebook. Bakgrunnen er mellom anna omsynet til personvern og informasjonssikkerheit, og at det har avgrensa verdi for skulane å vera på Facebook. Barehagane er heller ikkje der. Her får du god informasjon i trygge kanalar Foreldreappen Flyt ForesattBarnehagen og skulen sin kanal for løpande dialog med heimaneLast ned Flyt Foresatt i App Store og Google PlayDu kan no slette dei gamle appane Visma Flyt Barnehage og Visma Flyt Skole. Har du barn både i barnehage og skule, får du no alle samla på éin stad. Kommunen si nettsideNettsida er kommunen sin viktigaste informasjonskanalInnbyggarappen Friskus kommuneHer får du aktivitetskalenderen for Dovre og nyheiter frå kommunen på éin stad. Algoritmefritt og norskutvikla. Ikkje eit sosialt medium. Les meir om appen herLast ned Friskus kommune i App Store og Google Play og huk av for Dovre kommune Sist endret 06.11.2026 13.09