Evaluering av Dovremodellen

KS Konsulent har gjort ei evaluering av den såkalla Dovremodellen i grunnskulen i Dovre. Arbeidet vart utført i perioden november 2025-januar 2026. Oppvekstsjef Ingunn Korsen orienterte kommunestyret om funna i rapporten 1. juni 2026. 

Les heile rapporten her (PDF, 3 MB)

Kva er Dovremodellen?

Den såkalla Dovremodellen har vore utvikla og praktisert i grunnskulen i Dovre sidan 2011. Denne bygger på ein kombinasjon av høg lærartettheit (tolærarsystem i klasserommet), vekt på tidleg innsats og ein tydeleg ambisjon om at mest mogleg av opplæringa skal skje i det inkluderande fellesskapet. 

Oppdraget

KS Konsulent fekk i oppdrag å få fram eit kunnskapsgrunnlag og foreslå forbetringsområde. I følge oppdraget skulle KS Konsulent sjå på:

  • Dovremodellens effekt over tid
  • Korleis modellen blir brukt i dag
  • Konsekvensar med tanke på kvalitet, kostnadseffektivitet og fleksibilitet
  • Korleis Dovremodellen blir opplevd av skulesamfunnet i dag

Dette seier rapporten:

  • Dovremodellen er godt forankra og fungerer som eit overordna prinsipp for skulen, med vekt på tidleg innsats, inkludering og tolærarsystem. 
  • Modellen har gjeve tydelege resultat: mindre spesialundervisning (ca. 3,1 %), meir opplæring i fellesskap og lågare fråfall i vidaregåande. 
  • Elevane opplever høg trivsel og betre tilgang på hjelp og trygge vaksne i kvardagen.
  • Samtidig er dei faglege resultata i grunnleggande ferdigheiter svakare enn ynskjeleg.
  • Tolærarressursen bør brukast meir målretta for å styrke læring i lesing, skriving og rekning. 
  • Dei fysiske rammene på barneskulen avgrensar utnyttinga av Dovremodellen. Trongbuddheit og mangel på eigna delingsrom gjer det vanskelegare å organisere små grupper, intensive opplegg og rolege arbeidssoner, sjølv om bemanninga i utgangspunktet gjev gode moglegheiter. 
  • Samla sett fungerer modellen godt, men treng vidareutvikling og sterkare fagleg spissing framover.

Vegen vidare

Med utgangspunkt i funna i rapporten og ei forventing om fortsett trongbuddheit på barneskulen, er administrasjonen i gang med å utarbeide ei bestilling på ein ny rapport som ser på kva som bør gjerast med dei fysiske rammene for Dovremodellen. I kommunestyremøtet 1. juni 2026 skisserte administrasjonen at ei slik ekstern evaluering skal sjå på følgjande moglegheiter: 

  1. Noverande bygg med oppgradering
  2. 1.-10. klasse
  3. 1.-4. klasse og 5.-10. klasse

I den vidare prosessen vil administrasjonen legge opp til god medverknad, både frå folkevalde og brukarar. 

Framsida av rapporten om Dovremodellen - Klikk for stort bilde Skjermdump