Dovre barneskule ligg i fin natur på Dombås, nær idrettsplassen og Dombås barnehage. Dette er barneskulen for alle elevar frå 1.–7. trinn i kommunen, frå Dovreskogen i sør til Hjerkinn i nord. Her er det òg SFO. Vi legg vekt på fellesskap, meistring og trivsel. Bygget har biblioteket som midtpunkt, og er bygd saman med Moskushallen. Denne volleyballhallen går det an å leige til trening og andre arrangement.