På Dombås Fjellskole er eleven si meistring i fokus. Fjella rundt Dombås byr på eineståande opplevingar og har eit lett terreng som passar alle, både sommar og vinter. Dombås Fjellskole held til hjå Trolltun hotell og hytter, og ligg på 750 m.o.h., 15 min. gange frå Dombås stasjon. Herifrå er det lett å koma seg til fjells. Større område rundt Dombås er verna nasjonalpark og naturfredingsområde, som Fokstumyra naturreservat, Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark, Dovre nasjonalpark og Rondane nasjonalpark. Vi bruker desse områda i undervisninga.
Telefon 61 24 09 60 eller post@fjellskole.no
Les meir om Dombås fjellskole her