Fritidsklubbløftet

Som éin av tre pilotkommunar i det treårige, nasjonale Fritidsklubbløftet, skal Dovre etablere ein ny, kommunal fritidsklubb for og med unge i kommunen. Ungdom og Fritid er nasjonal prosjektleiar, og Hå og Asker er dei to andre kommunane. Pilotprosjektet hjelp oss med å realisere politiske målsettingar for ungdomssatsinga i samfunnsplanen (2025-2036). 

Hels på prosjektleiar Erik

Med lang fartstid i skulen og idretten og eit sterkt engasjement for unge i bygda, tek Erik Vadet fatt på oppgåva med å skape ein ny, kommunal fritidsklubb for unge i Dovre. ‎‎"Eg gler meg til å koma i gang med dette viktige prosjektet saman med ungdomane og engasjerte kollegaer", seier Erik. “Det er viktig at dei unge sjølv får vera med å forme møtestaden sin.”

Elevar og lærar i klasserommet

Eirik er ungdomskontakt-vikar

Eirik vil fram til mai 2026 vera vikar som ungdomskontakt i kommunen. Han kjem inn med erfaring frå festivalbransjen, samt turguiding og bakgrunn som barnevernspedagog. Saman med prosjektleiar Erik og ungdomen vil Eirik vera med i arbeidet med å forme ungdomsklubben. Eirik er oppteken av å skape trygge møteplassar der ungdom blir sett, høyrd og får moglegheit til å påvirke sin eigen kvardag.