Samfunnsplan 2025-2036 - Dovre kommune

Samfunnsplan 2025-2036

Samfunnsplanen er kommunen sitt overordna styringsdokument. Den peiker ut retning for utviklinga av lokalsamfunnet, set konkrete mål og gjev rammer for bruk og vern av areala våre. Samfunnsplanen skal vera eit felles vegkart for framtida, og skal legge føringar for arbeidet med budsjett og økonomiplan.

 

Du kan lese planen i fulltekst nedanfor. Teksta er søkbar. 

Planen er utvikla i tett samarbeid mellom politikarar, administrasjon og innbyggarar. Våren 2024 oppretta kommunestyret ein tverrpolitisk redaksjonskomité som skulle jobbe med planen. Komiteen fungerte som ei skrivegruppe, og hadde ein sekretær frå administrasjonen. Komiteen hadde ei rekke innbyggarmøte som gav innsikt i kva som betyr mest for folk i Dovre – og kva som skal til for å styrke lokaldemokratiet. Planen vart vedteke våren 2025. 

Framsida på samfunnsplanen