Kommuneplanen

Kommuneplanen er kommunens viktigaste styringsdokument, og legg føringar for all anna planlegging. Kommuneplanen skal bidra til ynskt samfunnsutvikling og arealutnytting i eit lengre tidsperspektiv. Kommuneplanen består av:

 

  1. Samfunnsdelen, som handlar om mål, utfordringar og strategiar for Dovre som kommunesamfunn og organisasjon.
  2. Arealdelen, som syner korleis areala i kommunen skal brukast og/eller vernast, og korleis strategiane frå samfunnsdelen skal realiserast ved rett lokalisering av tenester og funksjonar. 

Samfunnsplanen (2025-2036)

Samfunnsplanen skal vera eit felles vegkart for framtida, og skal legge føringar for arbeidet med budsjett og økonomiplan. Planen er utvikla i tett samarbeid mellom politikarar, administrasjon og innbyggarar. Våren 2024 oppretta kommunestyret ein tverrpolitisk redaksjonskomité som skulle jobbe med planen. Komiteen fungerte som ei skrivegruppe. Gruppa hadde ei rekke innbyggarmøte som gav innsikt i kva som betyr mest for folk i Dovre – og kva som skal til for å styrke lokaldemokratiet. Planen vart vedteke våren 2025. 

Ansatt som sitter ved et kart

Kartportalen

I kommunen sin kartportal finn du vedteke komuneplanar, kommunedelplanar og reguleringsplanar, samt planar som er under arbeid. 

Kartportal for Dovre