Politikk og samfunnsutvikling - Dovre kommune

Politikk og samfunnsutvikling

I Dovre jobbar vi kontinuerleg for å styrke lokaldemokratiet og det lokale sjølvstyret og få enda fleire til å ta del i utviklinga av lokalsamfunnet vårt. Kommunestyret skal styre samfunnsutviklinga i Dovre. 

Dovre er

  • Ei raus fjellbygd med høg himmel og plass til alle. Frå stødige og mytiske fjell har vi blikket retta mot omverda og framtida.
  • Ope for nye idear og innbyggarar.
  • Tett kopla på verda. Knutepunkt du kan reise klimasmart til og frå med Dovrebanen og Raumabanen.
  • Aktive ungar og vaksne som bryr seg. Trygge barnehagar der alle får plass, god skule. Ungdom som blir teke på alvor.
  • Driftige innbyggarar som løftar lokalsamfunnet saman. Aktive og inkluderande lag og foreiningar.
  • Eldre med ein kvardag rik på samvær og aktivitet. God omsorg når du treng det.
  • Eit framtidsretta næringsliv som tilbyr gode og trygge arbeidsplassar med eit landbruk som dyrkar jorda og gjev oss maten. Tek i mot gjestar. Deler kunnskapen om fjellet. Gjev handverkstradisjonar og matkultur vidare til nye generasjonar. Bedrifter som bygger og held ved like veg og bane.
  • Rike naturopplevingar rett utanfor døra for liten og stor. Nærturar og totusenmeterstoppar. Frisk luft, reint vatn, mjuk mose og snøsikre vintrar. Vi er stolte over å føre vidare ein mange tusen år lang tradisjon med fangst på villrein og ved å forvalte villreinen og villreinfjellet på ein berekraftig måte.

 

Dovre kommune sin samfunnsplan 2025-2036