Aktivitetskalenderen FriskusI Dovre brukar vi aktivitetskalenderen Friskus. Her legg lag og organisasjonar sjølv inn aktivitetane sine, slik at både innbyggarar og gjestar lett kan få med seg kva som skjer i kommunen. Her syner vi deg korleis du kjem i gang!Trygg plattformFriskus er ei norsk-utvikla løysing. Dette er ikkje eit sosialt medium, men ein algoritmefri kalender. Om du berre vil sjå kva andre har lagt i kalenderen, treng du ikkje lage deg ein brukar. Sjekk kalenderen herSamlar regionen5 av 6 kommunar i Nord-Gudbrandsdalen brukar no Friskus. Dermed kan du som innbyggar lett sjå kva som skjer på tvers av kommunegrensene. Viss du er arrangør, kan du huke av slik at aktivitetane dine blir synt fram i fleire kalendrar i nabolaget. Slik legg du ut ein aktivitetOm du vil legge ut ein aktivitet, treng du ein brukar. Det er lett å opprette, og nedanfor syner vi deg korleis. Du kan opprette aktiviteten din frå pc på dovre.friskus.com eller i Friskus kommune-appen. Vi tykkjer det er enklast å gjera det frå ein pc. Gå til dovre.friskus.comDovre.friskus.comLag deg ein brukarFyrst lagar du deg enkelt ein brukar. Du treng ikkje gje frå deg noko anna enn telefonnummer eller e-post, og lage eit passord: Lage ein brukarkonto på Friskus Opprett ein arrangørkonto for laget dittSå lagar du ein arrangørkonto for din organisasjon. Her finn du ei enkel forklaring:Slik registrerer du organisasjonen din Opprett ein aktivitet eller eit arrangementSå er du klar til å lage din fyrste aktivitet. Slik gjer du det: Lag ein aktivitet I appen får du òg nytt frå kommunenSlik kjem du i gang med appen Sist endret 23.03.2026 14.34