Kommunen - Dovre kommune

Kommunen

Dovre kommune er ei raus fjellbygd med nokre av Noregs mest spektakulære nasjonalparkar innanfor kommunegrensene. Her finn du trivelege folk, frisk fjelluft og store naturopplevingar rett utanfor stuedøra.

Dovre er

  • Ei raus fjellbygd med høg himmel og plass til alle. Frå stødige og mytiske fjell har vi blikket retta mot omverda og framtida.
  • Ope for nye idear og innbyggarar.
  • Tett kopla på verda. Knutepunkt du kan reise klimasmart til og frå med Dovrebanen og Raumabanen.
  • Aktive ungar og vaksne som bryr seg. Trygge barnehagar der alle får plass, god skule. Ungdom som blir teke på alvor.
  • Driftige innbyggarar som løftar lokalsamfunnet saman. Aktive og inkluderande lag og foreiningar.
  • Eldre med ein kvardag rik på samvær og aktivitet. God omsorg når du treng det.
  • Eit framtidsretta næringsliv som tilbyr gode og trygge arbeidsplassar med eit landbruk som dyrkar jorda og gjev oss maten. Tek i mot gjestar. Deler kunnskapen om fjellet. Gjev handverkstradisjonar og matkultur vidare til nye generasjonar. Bedrifter som bygger og held ved like veg og bane.
  • Rike naturopplevingar rett utanfor døra for liten og stor. Nærturar og totusenmeterstoppar. Frisk luft, reint vatn, mjuk mose og snøsikre vintrar. Vi er stolte over å føre vidare ein mange tusen år lang tradisjon med fangst på villrein og ved å forvalte villreinen og villreinfjellet på ein berekraftig måte.

 

Dovre kommune sin samfunnsplan 2025-2036