Bakkedag for Dovre barneskole

På torsdag 30. mars hadde mellomtrinnet ved Dovre barneskole alpindag i skitrekket på Dombås.

Bakkedag i Dombås skiheiser Ådne Evjen

Elevane frå 5.-7.klasse køyrde ski og snowboard og kosa seg veldig i det gode veret. Alle dei forskjellige løypene vart prøvd ut, og ein del prøvde seg og på nokre av hoppa i bakken.

Lærarane hadde oppretta ein basecamp ved grillplassen i bakken. Her ordna dei slik at elevane kunne grille. Menyen varierte frå grillpølser og hamburgarar via bakt potet til marinert kyllingfilet.

Det hadde vore vanskeleg å få til denne dagen utan støtte frå Sparebank1 Lom og Skjåk. Ein stor takk til dei frå elevar og lærarar.

Sjå bildeserie frå dagen her: