Prosjektet Dovre tettstad - innmålingar med drone og prosjektering
Ut over hausten vil Dovre kommune fortsette å arbeide med prosjektet Dovre tettstad. Det er no tid for å revidere forprosjektet og deretter vil kommunen gå vidare med detaljprosjektering av deler av sentrumsområdet. I dette høvet vil det bli gjort innmålingar av terrenget og det vil m.a. bli floge med drone over sentrum.
Kommunen fekk utarbeidd forprosjekt for sentrum av Dovre i 2017, etter at utviklingsprosjektet blei vedtatt i kommunestyret i 2016. Av ulike årsaker blei prosjektet sett på vent, men i 2022 blei arbeidet med prosjektet på ny teken opp. Det siste året har det vore gjort vurdering av forprosjektet, m.a. basert på innspel fra folkemøte og særmøter med ulike interessegrupper og aktørar på Dovre. Kommunen har no engasjert konsulentselskap som skal vera med å drive prosjektet. I fyrste omgang skal bli revidere forprosjektet. Deretter skal det bli utarbeidd detaljprosjekt for deler av området, med plan om bygging i siste halvdel av 2024. I denne samanhengen vil det på nytt bli høve til medverknad. For å få eit godt prosjekteringsgrunnlag vil det bli gjort innmålingar av terreng og objekt. Etter planen vil dette gå føre seg mandag 30.oktober og det vil da m.a. bli floge med drone.